By using this site you consent to the use of cookies. Cookies can be managed in your browser or device settings. For more information, please view our Cookie Policy.
Skylling og tilberedning

Skylling og tilberedning

Quinoafrø har eit tynt lag med saponin rundt seg. Dette er eit bitterstoff som holder fuglar, insekter og andre skadegjerarar borte frå frøa. Saponin er ikkje farlig men dersom du et ubehandla quinoa vil det smake bittert og du kan få litt vondt i magen. Det er ikkje mykje saponin på quinoaen du kjøper frå oss, men det kan variere litt.  Du bør alltid skylle quinoaen godt for at det ikkje skal smake bittert. Ein god metode er å først skylle i kaldt vatn. Da kan du fårt bort litt ugrasfrø også, som flyter opp.  Ofte er dette nok. Men for å vere sikker kan du gje quinoaen eit raskt oppkok i rikelig vatn, og så bytter til nytt vatn. Dette er veldig effektivt for å få bort saponin. Eg likar å bruke meir vatn enn eg treng, og så helle av resten i dørslag når den er ferdigkokt. Etter nytt oppkok lar du quinoaen trekke under kokepunktet i 10-15min. Det er viktig å ikkje koke den for mykje, for å beholde smak og konsistens. Når "spirehalen" til frøa byrjar såvidt å løsne er quinoaen som regel klar. Smak deg fram! Quinoaen skal, som pastaen, vere "al dente"; altså gjennomkokt men med litt bitemotstand. Litt god buljong i rikelig kokevatn og vips så har du ei enkel og smakfull quinoabuljongsuppe som gjev superkrefter! 

NB! Dersom den ferdige quinoaen smaker bittert bør du skylle meir. Med mindre du likar bittersmaken da. 

 

Tips til enkle rettar:

Dersom du kokar quinoa, kok gjerne litt ekstra. Den holder seg fint nokre dagar ferdigkokt i kjøleskapet. Så kan du bruke den ferdigkokte quinoaen for å tilføre super næring i til dømes:

  • Strø over salaten
  • Bland med egg i omelett
  • I pannekake- eller vaffelrøre
  • I brøddeig

Ellers får du eit deilig og raskt måltid ved å kutte opp litt grønnsaker, brasere raskt i steikepanna saman med ukokt quinoa, helle på vatn og litt buljong og la trekke i 15min. Og viss du blandar egg og kokt quinoa i ein eller annan form så får du etter mi meining den lunsjen som holder deg gåande lengst når du skal arbeide.

Godt måltid!

Turn your Facebook Page into a website, instantly.

Try now for 14 days FREE

No credit card required, unsubscribe at any time. pagevamp.com