Norsk Quinoa
About

Historia til prosjektet

I 2012 flytta Marthe og Jardar Røhr-Godø heim frå Trondheim til Heramb Gård, der Marthe har vakse opp. Då var det far til Marthe, Erik Røhr som dreiv garden. Han har hatt allsidig drift her, med fokus på korn, potet, løk og gris dei siste åra. I 2013 tok vi over garden, og no driv Marthe og Jardar ilag med svigerfar Erik og litt innleid hjelp; kombinert med jobbar utanfor garden.

Quinoainteressen og dei første åra

Vi har lenge interessert oss for sunn og kortreist mat og kom som mange andre dei siste åra over det fantastiske produktet Quinoa. Etter å ha brukt det ein del i matlaging byrja vi fundere på om det kan vere naudsynt å frakte denne varen rundt halve kloden for å nyte den i Noreg (nesten all produksjon er i Sør Amerika). I 2013 hadde Jardar 15 planter i kjøkkenhagen som gav gode, fine frø. Jardar tok kontakt med Sven-Erik Jacobsen i Danmark som har forska på Quinoa i ei årrekke og vi fekk kjøpt 1kg såfrø type Titicaca frå Danmark. I samarbeid med Erik sådde vi om lag 1dekar Quinoa og åkeren vart fin og greidde seg bra. I 2015 sådde vi 10 dekar, og sidan 2016 har vi hatt 35 dekar quinoa årlig. Detter inneber ein årlig produksjon på 3-4tonn quinoa. 

Jardar har hatt samarbeid med Bioforsk, ved Susanne Friis-Pedersen som har fått midler til å utrede mulighet for Quinoaproduksjon i Norge.  

Økologisk drift 

Quinoaen vår er dyrka utan bruk av sprøytemidler og kunstgjødsel sidan starten. Frå 2016-sesongen har vi dreve 70 dekar av arealet vårt under debio-kontroll og frå 2018-sesongen er quinoaen Debio-sertifisert økologisk. 

 

Salg og Distribusjon

Vi selger quinoaen vår i 25kg sekkar og har stort sett handtert distribusjon sjølve. Frå november 2018 har vi avtale med Smak av Innlandet om distribusjon. Det medfører at quinoaen vår blir lett tilgjengelig for bedriftskunder i heile Noreg.   For større partier ta kontakt med oss direkte. 

Turn your Facebook Page into a website, instantly.

Try now for 14 days FREE

No credit card required, unsubscribe at any time. pagevamp.com