Skylling og tilberedning

Skylling -for å fjerne saponin: Quinoaens naturlige forsvar

Quinoafrø har eit tynt lag med saponin rundt seg. Dette er eit bitterstoff som holder fuglar, insekter og andre skadegjerarar borte frå frøa. Saponin er ikkje farlig men dersom du et ubehandla quinoa vil det smake bittert og du kan få litt vondt i magen. Norsk Quinoa fjernar mesteparten av saponinet i ei maskin før pakking. Likevel vil det vere ein del igjen på frøa og denne bør du skylle bort for at det ikkje skal smake bittert. Det er fleire måtar å gjere dette på, eksperimenter, så finn du den beste metoden for deg!

Varmt vatn

  • Skyll quinoaen i rikelig varmt vatn og hell ut vatnet. Gjer dette to gongar. Rør gjerne litt rundt.
  • Hell i kokevatn og tilbered som vanlig.

Kaldt vatn

  • Skyll quinoaen som i forrige metode, men repter litt fleire gongar eller la det stå ei stund i vatnet før du går over til koking

Det er enkelt å vite om du har skylt bra nok: dersom den ferdigkokte quinoaen smakar bittert så har du skylt for lite. Dersom du er uheldig og får ferdigkokt quinoa med bitter smak så kan du skylle denne i eit dørslag og bittersmaken forsvinner.

Tilberedning

Eg brukar å koke quinoaen i rikelig vatn, og så helle av det overflødige i eit dørslag. Men dersom du vil ha eksakt mål, så kan du ta to deler vatn på ein del quinoa. Ein god framgangsmåte er å ha kaldt vatn og quinoa i ei kasserolle og koke opp. Etter oppkok reduserer du varmen og lar quinoaen trekke i 10-15min. Det er viktig å ikkje koke den for mykje, for å beholde smak og konsistens. Når "spirehalen" til frøa byrjar såvidt å løsne er quinoaen som regel klar. Smak deg fram! Quinoaen skal, som pastaen, vere "al dente"; altså gjennomkokt men med litt bitemotstand.

Tips til enkle rettar:

Dersom du kokar quinoa, kok gjerne litt ekstra. Den holder seg fint ferdigkokt i kjøleskapet. Så kan du bruke den ferdigkokte quinoaen for å tilføre super næring i til dømes:

  • Strø over salaten
  • Bland med egg i omelett
  • I pannekake- eller vaffelrøre
  • I brøddeig

Ellers får du eit deilig og raskt måltid ved å kutte opp litt grønnsaker, brasere raskt i steikepanna saman med ukokt quinoa, helle på vatn og litt buljong og la trekke i 15min. Og viss du blandar egg og kokt quinoa i ein eller annan form så får du etter mi meining den lunsjen som holder deg gåande lengst når du skal arbeide.

Sjå videoen under for ein grei måte å skylle og tilberede quinoa.

Godt måltid!

Turn your Facebook Page into a website, instantly.

Try now for 14 days FREE

No credit card required, unsubscribe at any time. pagevamp.com