Norsk Quinoa

Om oss

Historia til prosjektet

I 2012 flytta Marthe og Jardar Røhr-Godø heim frå Trondheim til Heramb Gård, der Marthe har vakse opp. Då var det far til Marthe, Erik Røhr som dreiv garden. Han har hatt allsidig drift her, med fokus på korn, potet, løk og gris dei siste åra. I 2013 tok vi over garden, og no involverer vi oss gradvis meire i drifta, kombinert med jobbar utanom garden.

Quinoainteressen og dei første åra

Vi har lenge interessert oss for sunn og kortreist mat og kom som mange andre dei siste åra over det fantastiske produktet Quinoa. Etter å ha brukt det ein del i matlaging byrja vi fundere på om det kan vere naudsynt å frakte denne varen rundt halve kloden for å nyte den i Noreg (nesten all produksjon er i Sør Amerika). I 2013 hadde Jardar 15 planter i kjøkkenhagen som gav gode, fine frø. Jardar tok kontakt med Sven-Erik Jacobsen i Danmark som har forska på Quinoa i ei årrekke og vi fekk kjøpt 1kg såfrø type Titicaca frå Danmark. I samarbeid med Erik sådde vi om lag 1dekar Quinoa og åkeren vart fin og greidde seg bra. Det skal seiast at 2014 var ein vekstsesong med tidligare våronn og meir varme i vekstsesongen enn normalen.

Jardar innleda også eit samarbeid med Bioforsk, ved Susanne Friis-Pedersen som har fått midler til å utrede mulighet for Quinoaproduksjon i Norge. Etter den lovande 2014sesongen vart vi oppmuntra til å prøve vidare. Avlinga i 2014 vart rensa med hjelp frå Bioforsk og eit svært avgrensa parti HerambsQuinoa er no å få smakt og kjøpt hjå Ingeborg på den lokale Sveinhaug Gård.

Produktet

Planen vidare er å auke arealet noko og fortsette forsøket. Vi er framleis ikkje sikker på om klimaet her, samt aktuelle Quinoasortar, kan gje avling med akseptabel sikkerhet. Men frå og med hausten 2015 ynskjer vi å tilby ei avgrensa mengde naturlig, norsk, ubehandla Quinoa for salg. Salgskanal er ikkje heilt avklart, men lokale gårdsbutikkar kan vere ei mulighet. Ellers går det an å ta kontakt for interesserte. I første omgang er det snakk om Quinoa dyrka på Heramb, HerambsQuinoa. Garden er dreve konvensjonelt, vi har ikkje godkjent økologisk areal tilgjengelig. Det er likevel eit ynskje å ha ein miljøvenlig profil og vi kjem ikkje til å benytte kjemiske sprøytemidler i Quinoaproduksjonen. Dersom prosjektet går bra, og det lar seg gjere agronomisk, kan det vere aktuelt å legge om areal til økologisk produksjon på sikt.

Nytt mai 2015: Vi har kome i kontakt med den flotte mataktøren Kooperativet i Oslo. Dei ynskjer å kjøpe avlinga frå ca 5 dekar Quinoa, økologisk dyrka. Vi har ikkje godkjent jord, men interessen var så stor at dei tillater økologisk dyrka Quinoa som ikkje er Debiogodkjent.

Turn your Facebook Page into a website, instantly.

Try now for 14 days FREE

No credit card required, unsubscribe at any time. pagevamp.com